Doppler navelsträng eller mammans puls

Fødselen er krevande for både mor og barn, og jordmor eller lege vil følge med på barnets tilstand gjennom heile fødselen. Illustrasjon: Haukeland universitetssjukehus. Fødselen er viktig for å førebu barnet på livet utanfor livmora.

Trykket og presset mot barnet frå riene og under passasjen gjennom fødselskanalen, er viktig for det som skjer med barnet i overgangen frå livet i magen til livet utanfor. Etter svangerskapsveke 18 vil dei fleste gravide kjenne fosterbevegelsar og spark dagleg.

Du vil etter kvart lære deg barnets rytme og aktivitetsmønster. Andre reagerer med spark og aktivitet ved høge lydar, når mor er i aktivitet eller nett har ete. Frå svangerskapsveke 28 skal du kjenne at barnet beveger seg eller sparkar minst 10 gonger dagleg.

Etter kvart som magen veks blir det mindre plass til bevegelse i livmora. Du vil da kjenne barnets aktivitet på ein annan måte enn tidleg i svangerskapet. Du skal likevel regelmessig kjenne at barnet er i aktivitet. Er du usikker på om barnet sparkar eller beveger seg, eller du ikkje har kjent aktivitet på ein stund, så kan du prøve å framkalle aktivitet.

Gjer noko som du veit pleier å vekkje barnet; sett på musikk, drikk ein søt og kald drikke eller lignande. Kjenn etter kva for respons du får. Får du gode spark og bevegelsar, er det ein tilbakemelding om at barnet har det bra. Får du ikkje ønska respons frå barnet, bør du kontakte jordmor, lege eller fødeavdelinga for å få ein ekstra vurdering og eventuelt kontroll.

Det er ulike måtar jordmor og lege kan følgje med på korleis barnet har det før og under fødselen. I samband med fødsel omtaler jordmor og lege barnets hjartefrekvens eller puls som fosterlyden. Fosterlyden blir angitt i frekvens og regelmessigheit.

Normalt vil fosterlyden variere mellom — slag per minutt. Fosterlyd, saman med informasjon om fostervatn når det er gått og viktig informasjon om korleis barnets tilstand er og korleis barnet taklar fødselen. Fosterlyden gir fødselshjelparen god oversikt og kontroll på barnets tilstand gjennom fødselen.

Jordmor vil lytte på fosterlyden gjennom heile fødselsforløpet. Mot slutten av fødselen, når barnet passerer den trongaste delen av fødselskanalen, lyttar jordmora oftare enn tidleg i fødselsforløpet. Den siste delen av fødselen er den mest anstrengande for barnet.

Doppler blir brukt på same måte som eit jordmorstetoskop.